 Utsnitt frå teikning av den austlege delen av bindverket i
Værnes kirke |
Nidarosdomens
arkitektur: Mellomalderens katedralar - bygd på erfaring eller
matematikk?
Forsker
Øystein Ekroll Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider Foredrag i
Eysteinsalen i Erkebispegården kl. 13.15 laurdag 5.
februar
Dei store
katedralane som vart bygde på 12-1300-talet var dei største
byggverka som vart reiste i Europa før Eiffeltårnet o.l. på
1800-talet. Men korleis klarte byggmeistrane på 1200-talet å reise
slike veldige byggverk? Var det oppsamla erfaring gjennom generasjonar, eller
var det matematiske utrekningar? Hadde dei hemmelege "system" som vi
ikkje kjenner til i dag? Foredraget vil gå gjennom materiale som kan
tolkast i begge retningar, i tillegg til den berykta "Systemstriden"
om Nidarosdomen omkring 1920.
Øystein
Ekroll, f. 1957 er mag.art. i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han
har spesialisert seg på bygningsarkeologi og har arbeidd med konservering
av steinbygninger og ruinar over heile landet. Sidan 1992 har han vore forskar
ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider. Her har han mellom anna arbeidd
med oppbygginga av Museet i Erkebispegården som åpna i 1997. Han
har også m.a. utgitt boka "Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i
mellomalderen 1050 - 1550".
TILBAKE TIL MATEMATIKK PÅ BY'N
|