Projekt- og masteroppgåver - 2012/2013

Ingelin Steinsland


Eg tilbyr oppgåver innanfor modellering, inferens, prediksjon og/eller evaluering av store strukturerte system. Alle oppgåver er motivert av / knytta mot ei anvending, og eg har kontaktar innenfor kvantitativ genetikk , fornybar energi / kraftsystem (særleg hydrologi og kraftsystem). Om du er interessert i dette, eller i ei anna anvending med liknande metodar, ta kontakt.

Under er det foreslått nokre idear til prosjekt. Dei er systematisert etter anvendelse, men fleire av dei kan likegjerne vere metodisk som anvendt. Ta kontakt, så kan vi diskutere dine eigne prosjektforslag, variantar av desse eller meir konkret kva som er tenkt.

Den hydrologiske glaskula

Dette er eit prosjekt i samarbeid med SINTEF Energiforskning AS (på Gløshaugen) og Statkraft (i Oslo og Trondheim).
Prosjektet tar utgongspunt i vasskraftbransjen sine behov for å forutseie tilsiget til magasin. Det overordan målet er å gå frå ei (deterministisk) tilsigsprognose til ei prediktivfordeling for tilsig. Her er det mykje som skal gjerast, nokre forslag til prosjekt under

Prosjektforslag

  • Evaluering (romleg?) av vervarsel, og kvantifisere usikkrheten som ei prediktiv fordeling. Moglegheit for sommarjobb hos Statkraft i forbindelse med dette prosjektet
  • Kor mykje snø er det i år?
    • I samarbeid med Statkraft Trondheim.
  • Varsling av snøskred .
    • I samarbeid med Eivind Schnell Juvik i Statens Vegvesen.
  • Den hydrologiske modellen gav eit tilsigsvarsel, så målte vi tilsiget, med stor usikkerhet, korleis skal vi evalure varselet?
    • Evaluering av prediktiv fordeling. Dette kan bli utvikling av ny teori.
    METODE
    Sett frå ein metodisk ståstad er det aktuelt å bruke:

Energisystem

I samarbeid med Gerard Doorman og dr.grads studentar.
  • Det er få gode vindserier som er viktig for å analyser korleis vindkraft innvirker på det europeiske energisystemet. Oppgåva vil vere å lage ein modell basert på grovoppløyste data, og kanskje analysere energisystemmodellane sin sensitivitet til modellantakingar.
  • Pålitelighetsanalyse av maskete strømnettverk.
  • Tilsigsmodellering ved Bayesianske metodar.

Kvantitativ genetikk på gråspurv

Prosjekta vil vere i samarbeid med forskarar på Institutt for Biologi, og data vil vere på spurv! Sjå Henrik Jensen si heimeside for eit overblikk og motivasjon.

Prosjektforslag:

  • Arvbarhet er kor stor del av ein eigenskap som kjem frå gener. Dersom vi har seleksjon, har vi kun data frå dei 'beste', altså ikkje eit tilfeldig utval. Påvirker dette arvbarhetsestimata våre?
  • Modellere arvbarhet og seleksjon samtidig, og kanskje simuleringsstudium.
  • Blir barn og foreldre meir like med alderen?
  • Predikere (f.eks) nebbstørrelse i gråspurv vha SNPdata og slektstre.
  • Modellering av arvbarhet som funksjon av alder.
  • Endrar arvbarheten (kor stor del at ein 'eigenskap' som er bestemt av gener) seg frå stad til stad?

Sett frå ein metodisk ståstad er det aktuelt å bruke: